Seniorrådgivar HR
Er du sjølvgåande, ein god lagspelar og kan legge til rette for og leie interne prosessar? Da kan du vere den vi ser etter! Arbeids- og sosialdepartementet er inne i ein spennande fase med viktige satsingsområde innanfor fleire område, til dømes kompetanseutvikling. Vi jobbar heile tida med forbetrings- og utviklingsarbeid, og vi ønsker oss ein engasjert og fleksibel HR-rådgivar med solid fagkompetanse som kan medverke til å vidareutvikle departementet på sentrale HR-område framover. Vi har ledig ei fast stilling som seniorrådgivar i HR-seksjonen.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere relatert til sentrale delar av HR-seksjonen sine ansvarsområde og leveransar, både utviklingsretta og strategiske i tillegg til meir løpande oppgåver. Aktuelle område er mellom anna kompetanseutvikling, leiar- og medabeidarutvikling, arbeidsmiljø, introduksjon av nytilsette/onboarding og eventuelt internkommunikasjon. Rett kandidat brenn for HR-faget, er utviklingsorientert med blikk for fornying og kan initiere og leie interne prosessar.

Ny logo ASD
Arbeidsgiver
Arbeids- og sosialdepartementet
Sted
Oslo
Stillingstittel
Seniorrådgivar HR
Stillingstype
Heltid
Søk her
Søknadsfrist 24.10 2021 23:59
Om arbeidsgiveren
Les mer Pil