HR-rådgivarar til Arbeids- og sosialdepartementet
Er du sjølvgåande, ein god lagspelar og kan legge til rette for og leie interne prosessar? Da kan du vere den vi ser etter! Arbeids- og sosialdepartementet er inne i ein spennande fase med viktige satsingsområde innanfor fleire område, til dømes kompetanseutvikling. Vi jobbar heile tida med forbetrings- og utviklingsarbeid, og vi søker no etter engasjerte og fagleg nysgjerrige medarbeidarar med solid HR-fagleg kompetanse som kan medverke til å vidareutvikle departementet på sentrale HR-område framover.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere relatert til sentrale delar av HR-seksjonen sine ansvarsområde og leveransar, både utviklingsretta og strategiske i tillegg til meir løpande oppgåver. Eit sentralt område er kompetanseutvikling. Du vil óg få jobbe med oppgåver innanfor arbeidsmiljøområdet, mobilitet, rekruttering, introduksjon av nytilsette/onboarding og internkommunikasjon, avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar.

Du vil få ein variert arbeidsdag, og du må kunne ta sjølvstendig ansvar for arbeidsoppgåvene dine. Jobben inneber stor kontaktflate, særleg internt, og du må trivast med å ha mange ballar i lufta samtidig.

Ny logo ASD
Arbeidsgiver
Arbeids- og sosialdepartementet
Sted
Oslo
Stillingstittel
HR-rådgivarar
Stillingstype
Heltid
Søk her
Søknadsfrist 03.12 2021 23:55
Om arbeidsgiveren
Les mer Pil