STIFTINGA MUSEA I SOGN OG FJORDANE

HR- og administrasjonskonsulent

Søker du ein jobb som gjer deg både intellektuelle utfordringar og god balanse i kvardagen? Sjå her!


Med oss fer du rikare! I Musea i Sogn og Fjordane har vi eit mål om at dei som besøker oss skal bli rikare. Rikare på inntrykk, opplevingar og kunnskap , blant mykje anna. Dette gjeld også for våre tilsette. Som HR- og administrasjonskonsulent vil du få bidra til nettopp dette, å skape ein arbeidsplass kor alle våre tilsette får ein rikare arbeidskvardag og eit rikare liv. Rik på kjensle av tilhøyrsle, trivsel, motivasjon og utviklingslyst. Rik på kjensla av å bli sett, anerkjent og verdsatt for akkurat den ein er. Rik på kjensla av å bidra til eit viktig og verdifult samfunnsoppdrag. Vi i staben skal skape ein trygg og god plass å vere for våre tilsette. Som HR- og administrasjonskonsulent vil du få gleda av å bli kjent med alle våre 60 tilsette rundt omkring i Sogn og Fjordane. Du vil bidra på eit breidt spekter av HR-oppgaver, samt ha mykje å henge fingrane i av administrative oppgåver og ansvar. Du vil få ein variert arbeidskvardag, og ein arbeidsgjevar som vil gje deg det du treng for å få kvardagskabalen til å gå opp gjennom høg grad av fleksibilitet og tillit under ansvar.

Om stillinga

Som HR- og administrasjonskonsulent i Musea i Sogn og Fjordane vil du:

  • Bistå HR-seksjon på arbeid med heile medarbeiderreisa til dei tilsette i MiSF, som blant anna vil inkludere oppgaver innanfor:
    • Omdøme- og merkevarebygging
    • Rekruttering
    • On- og offboarding
    • Rådgjevar og støttefunksjon for dei tilsette
    • Kompetansekartlegging og utvikling
    • Arbeidsrettslege problemstillingar og spørsmål
    • Rapportering og HR-analyse
    • Systemstøtte og utvikling av systema våre som p.d.d er Simployer og Tidsbanken
  • Bistå staben på diverse administrative oppgåver som f.eks:
    • e-post og telefon/sentralbord
    • IKT-oppgåver
    • Enkle lønnsoppgåver
    • Prosjektleiing på utviklingsprosjekt internt
    • Innkjøp, leverandøroversikter og oppfølging

Kva kvalifikasjonar er vi på jakt etter?

I denne stillinga vil dine personlege eigenskapar og interesser bety meir enn CV'en din. Vi ser etter deg som er interessert i oppgaver nemnt ovanfor, som blir begeistra over moglegheita til å lære og setje seg inn i nye tema og problemstillingar. Du treng ikkje ha svar eller løysing på alt - men du må ha energi og driv til å ville finne det ut og setje deg inn i komplekse problemstillingar.

Stillinga vil i all hovudsak ha oppgåver foran PC. Det er derfor viktig at du har høg digital forståing, då det er du som vil ha ansvar for fleire av systema vi nyttar på HR- og administrasjonsområdet. Her vil du ha ansvar for utvikling og forbetring, men også vere den ein spør om ein treng hjelp eller råd.

Sjølv om CV ikkje er det vi legg mest vekt på, er det kjekt om du har noko erfaring innan følgande områder:

  • Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, HR eller liknande.
  • Høg digital forståing og erfaring med office-pakken
  • Erfaring innanfor HR, adminstrasjon, lønn, HMS, IKT
  • Sertifikat og tilgang til bil

Som HR- og administrasjonskonsulent vil du bli del av eit team saman med HR-sjef og administrasjonssjef. Du vil vere første kontaktpunkt for våre tilsette på operative HR-oppgåver, og vil måtte skape gode relasjonar med dei tilsette på alle dei 12 musea våre i Sogn og Fjordane.

Målet med stillinga er å bidra til å skape ein fantastisk arbeidsplass for våre tilsette gjennom oppfølging, utvikling, trivsel og motivasjon. Vi skal vere ein støttefunksjon og ein rådgjevar for arbeidsgjevar og arbeidstakar-sida, og høg grad av tillit og sørvis-evne er derfor også høgt vektlagt når vi skal finne vår nye medarbeidar.

Dagleg oppmøtestad vil vere i administrasjonen på Sandane, som er ein eigen fråskild del av Nordfjord Folkemuseum. Her sit resten av staben, som har oppgåver innan økonomi, IT, HR, marknad, kommunikasjon og drift. Sjølv om Sandane er preferert oppmøtestad kan vi vere fleksible ved ønskje om andre løysingar.

Moglegheiter og utfordringar

Moglegheiter

Du vi lfå setje ditt eige preg på både arbeidskvardag og oppgaver. I det ligg det også eit potensiale for personleg og fagleg utvikling. Her vil vi ha fokus på å gje deg det du treng for å bli fagleg trygg i di rolle.

Du kjem inn i eit stort nettverk av dyktige kollegaer både i staben og på kvart enkelt museum som du vil lære mykje av. Det er ein engasjert og kreativ gjeng som vil utfordre deg til å yte ditt beste. Du vil ikkje berre få innblikk i kva kulturarven vår er, korleis vi tek vare på og formidlar den – du vil også bli godt kjent i vår fantastiske region, Sogn og Fjordane frå Florø og Måløy i Vest, til Lærdal i aust.

Utfordringar
Å gjere alle til lags er ei umogleg oppgåve, og av og til er det slik at det ein lagar av rutiner eller implementerer av system frå stab ikkje vil falle i god jord hjå alle. Likevel må vi som arbeider i stab alltid ha dei overordna måla til organisasjonen i sikte, og vere trygg på eigen kompetanse og eigne beslutningar. Å kunne stå litt i ein "storm" kan vere ein god eigenskap å ta med seg inn i ei HR-rolle.

HR sitt primære fokus er jo å arbeide med og for menneskja i organisasjonen. Menneskje er ulike, det er også det som gjer jobben spanande - for det finnast ingen fasit eller "one size fits all" når ein arbeider med menneskje. Her må ein derfor evne å lytte, forstå og finne ulik tilnærmingsmåtar for å kome fram til gode løysingar.

Å vere ein støttefunksjon for tilsette på tolv individuelle museum, inneber å skaffe seg god oversikt og ha kontakt med mange menneske med veldig ulike føresetnader og behov. Evne til å styre eigen dag, prioritere, sette grenser og handtere fleire ballar i lufta vil løne seg for å kunne handtere utfordringane på ein sunn måte.

Søk på stillinga om du:

  • Ønskjer å lære om og jobbe med HR, i kombinasjon med andre administrative oppgåver
  • Ser glede i å bidra til å skape ein god arbeidsplass for dine kollegaer
  • Interesserer deg for HR-faget
  • Set pris på å ha mange ballar i lufta, og ikkje er framand for ei intellektuell utfordring i ny og ne
  • Er interessert i digitale verktøy, og trivast med å leite etter moglegheiter for nytenking og effektivisering
  • Blir motivert av å samarbeide med mange dyktige kollegaer med høgt engasjement og høg kompetanse
  • Likar å utfordre og utvikle deg fagleg
  • Er på jakt etter ein kjekk og utfordrande jobb som du enkelt kan kombinere med alt anna du ønskjer å gjere i kvardagen

Litt om oss

Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I 2023 gav vi nær 50.000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.

Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta middelalterloft, eksport av kvernsteinar heilt tilbake til vikingtida og Lord Slingsby sine ekspedisjonar, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.

Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no

Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

  • Arbeidsgiver

    STIFTINGA MUSEA I SOGN OG FJORDANE

  • Sted

    Sogn og Fjordane

  • Stillingstittel

    HR- og administrasjonskonsulent

  • Stillingstype

    Heltid

  • Søknadsfrist

    11.08 2024 23:55

Om arbeidsgiveren

Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I 2023 gav vi nær 50.000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst. Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta middelalterloft, eksport av kvernsteinar heilt tilbake til vikingtida og Lord Slingsby sine ekspedisjonar, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.