DFØ er i vekst. I takt med at vi får fleire oppgåver og nye kundar aukar også behovet vårt for å rekruttere rett kompetanse. Som HR-medarbeidar kjem du til å leggje til rette for at leiarane våre kan gjennomføre gode og treffsikre rekrutteringsprosessar. Vi er også opptekne av at det skal vere ei god oppleving å vere kandidat hos oss. Det blir dermed også eit viktig fokus for deg å bidra til at vi både leverer på dette, og at vi utviklar kandidatopplevinga vidare.
Som HR-medarbeidar kjem du til å støtte leiarar gjennom heile rekrutteringsprosessen, og oppgåvene dine vil variere med kompetanse og behov. Oppgåvene vil til dømes vere å:
- kvalitetssikre og publisere stillingsannonsar
- støtte leiarar i og gi opplæring i bruken av HR-systemet vårt
- delta i intervju og gi råd i evalueringa av aktuelle kandidatar
- kvalitetssikre innstillingar og handtere dialog med tilsettingsråda
- skrive og sende tilbod og arbeidsavtaler
- gjere andre administrative oppgåver som høyrer til rekrutteringsprosessen
Vi i HR-avdelinga jobbar heile tida med å utvikle arbeidsprosessane våre slik at dei blir betre, meir effektive og får enno meir nøgde deltakarar. Her håpar vi at du kjem inn med gode innspel og forslag som tek oss i riktig retning.
Klikk her for fullstendig annonsetekst.