Arbeidsoppgåver
- støtte arbeidet med rekruttering, m.a. publisere annonsar, sende ut diverse dokumentasjon til kandidatar, støtte interne prosessar og følge opp nytilsette
- vere ansvarleg for oppdatering/àjourhold av interne oversikter
- koordinere kompetanseutviklingsaktivitetar og følge opp interne e-læringskurs
- støtte leiarar med administrative førespurnader
- andre løpande oppgåver/saksbehandling som eininga har ansvaret for
Kvalifikasjonar
- utdanning på masternivå innan relevant fagfelt (organisasjon, HR, økonomi og administrasjon, jus mv.)
- gode kunnskapar i MS Word, Excel,PowerPoint og gjerne erfaring frå Teams. Det er også ein fordel om du har erfaring med rekrutterings- og/eller arkivsystem
- svært gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- du er nyutdanna eller har inntil eitt års relevant erfaring med ei eller fleire av oppgåvene nemnde over. Studentar som avsluttar studiet inneverande semester kan også søke
Personlege egenskapar
- lærevillig og positiv til alle oppgåver
- samarbeidsorientert og positiv i møte med andre
- strukturert og effektiv
- høg gjennomføringsevne
- sjølvstendig og initiativrik
Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er motivert og personleg eigna.
Vi tilbyr
- interessante arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer
- gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
- pensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
- treningsfasilitetar og moglegheit for trening i arbeidstida
- lønn som førstekonsulent frå kr 517 600
Anna
- Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste.
- Vitnemål og karakterar frå all høgare utdanning må leggast ved søknaden.
- Søknad kan skrivast på nynorsk eller bokmål.
- Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkomande som blir tilsett i stillinga.
- Dei tilsette i Finanstilsynet må følge strenge etiske retningslinjer, sjå: https://www.finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#Etiskeretningslinjer
- Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
- For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå: www.finanstilsynet.no
Kontakt:
Gun Margareth Moy: 22 93 98 49
Marit Sandaaker: 22 93 98 42